Georg har lovt seg sjølv at han aldri skal ned i kjellaren.
Som liten hadde Georg ein nær-døden-oppleving. Etter den hendinga har han høyrt stemmer. Dei døde snakkar til han, noko som kan bli veldig slitsamt når familien driv eit gravferdsbyrå! For lika i kjellaren sluttar aldri å mase. Georg er rar nok som det er, ein får ikkje vener når ein bur i eit gravferdsbyrå.
Men ein dag byrjar ei ny jente i klassen, Live. Ho smiler til Georg og syklar med han heim. Dei avtalar å sykla saman til skulen neste dag, men ho dukkar ikkje opp. Kan det ha noko med den vesle likposen som foreldra henta kvelden før?
Georg og kjellaren er ein sjarmerande og sår forteljing proppfull av galgenhumor. Det med døden blir ikkje lenger så skummelt og vanskeleg når ein kan le litt saman.
Heidi Berakvam
Vindafjord bibliotek
Om boka
Seks fot under for barn! Georg Graver bor i et begravelsesbyrå. Familien har likbil i oppkjørselen, urner med aske i kjøkkenskapet - og det ligger døde folk i kjelleren. Tror du man blir populær av sånt, kanskje? Men det er ikke det verste. Georg kan snakke med lik! Eller, de døde insisterer på å snakke med ham. Og de maser om alt mulig! Hvordan sveisen skal danderes, om de skal kremeres, hvordan arven skal fordeles. De gir seg ikke, og derfor har Georg lovet seg selv aldri å gå ned i kjelleren og svare dem. Men da Live begynner i klassen, får Georg sin største utfordring hittil. For å vise at han kan være en god venn, må han nemlig trosse sin egen pakt: Georg må gå ned i kjelleren. Fortelling for mellomtrinnet.