Sjoarakademiet på ein onsdag
Fekk du ikkje med deg Sjoarakademiet då direktesendinga gjekk? Sjå førelesinga i opptak.
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Då er våre digitale føredrag midt i blinken for deg. Måndagar kan du få med deg føredraget direkte. Då har du høve til å stille føredragshaldaren spørsmål direkte. Onsdag ettermiddag sender me opptak, slik at du får høve til å få med deg dei interessante og inspirerande føredraga på ettermiddagstid.
I dag kan du få med deg det inspirerande føredraget Den naturnære hagen med prof. Dag Jørund Lønning.
Lønning er rektor ved Høgskulen for grøn utvikling på Bryne, og har lenge forska på forholdet mellom menneske og natur. Han har skrive ei rekkje artiklar og bøker kor fleire har blitt bestseljarar.
Føredraget, som kjem inn på sentrale poeng i Jordboka for hagen, tek føre seg til dømes: Korleis kan du gjera naturen til samarbeidspartner, kvifor kjem «ugras» og «skadegjerarar» og korleis kan du unngå dei, samt korleis kan du fanga karbon og auka naturmangfaldet i hagen.
Føredraget er og innom boka Den naturnære hagen, som synar korleis du kan designe og vedlikehalde hagar som er i harmoni med naturen. Fokus ligg på å skape eit bærekraftig økosystem, der du samarbeider med naturen sine eigne prosessar for å dyrke plantar, fremme biologisk mangfald og redusere bruk av kjemikaliar.
Heile våren byr me på eit variert program med tema som garantert vil engasjera.
Velkomen til alle.
Liste over føredrag våren 2025
Dato | Klokkeslett | Føredrag | Føredragshaldar |
---|---|---|---|
22. januar | 16:00 | 1178 netter - ein historie om tvangsekteskap i Noreg. | Marte Spurkland |
29. januar | 16:00 | Frå kyrkjemalar til bacalao - nordmennene sin unike historie i Sør-Amerika. | Arnt Stefansen |
05. februar | 16:00 | Historien om eplet - Kva har Kasakhstans fjell, Bibelen sine freistingar og norrøn mytologi til felles? | Torolf Kroglund |
19. februar | 16:00 | Frå Tinos til antikkens Athen: Fest, tru og kultur gjennom tidene. | Evy Johanne Håland |
05. mars | 16:00 | Den naturnære hagen | Prof. Dag Jørund Lønning. |
19. mars | 16:00 | Krig er forakt for liv | Linn Stalsberg |
02. april | 16:00 | Diagnose: Kvinne - Kvifor kvinnehelse fortsatt blir oversett i medisinen. | Liv Bjørnhaug Johansen |
16. april | 16:00 | Årstidene: Naturen sine under - frå hjerneetande dyr til vårens første humle. | Vibeke Riiser-Larsen |
23. april | 16:00 | Kva er typisk italiensk? Ei reise gjennom kultur, historie og lidenskap | Arnt Stefansen |
14. mai | 16.00 | Tilbakeslaget – hva betyr den reaksjonære bølgen for oss? | : Caroline Tromp |
28. mai | 16.00 | Hvordan kan seniorer forbli i arbeid lengst mulig? | Hege Sofie Hesselberg |
11. juni | 16.00 | Tett på makta – 40 år i norsk politisk journalistikk | Anders Takvam |
25. juni | 16.00 | Kirkens og pavens makt – en nøkkel til Italias historie | Arnt Stefansen |