Til arrangement

LEGO- byggeskule

Kurs og læring
Ungdom

Glad i å bygge med LEGO? Er du mellom 12 og 20? Då har du høve til å vere med på LEGO-byggeskule

Bilete synar mange LEGO -klossar i ulik farge og storleik som ligg i ein haug.
Bilete synar mange LEGO -klossar i ulik farge og storleik som ligg i ein haug.
Bilete synar mange LEGO -klossar i ulik farge og storleik som ligg i ein haug.

Gratis - krev påmelding

Dato

torsdag, 24. oktober

Tid

17:00 - 18:15

Arrangør

Biblioteket i samarbeid med Gregorsky BrickWorld og UKM.

Påmelding

Telefon:53655860
Legg til i kalender

Fleire arrangement i denne serien

  • torsdag, 31. oktober

I samarbeid med Gregorsky BrickWorld og UKM arrangerer biblioteket LEGO-byggeskule fem kveldar i haust. Byggeskulen er gratis, og tidspunkta er tilpassa slik at ein kan ta buss frå ytre- og indre delar av kommunen.
LEGO lar barna utfolde seg kreativt, gjev inspirasjon til å skape ulike konstruksjonar og kunstverk. LEGO byggeskule krev ikkje erfaring.

Tema som er aktuelle å arbeide med er:

Veggdekor- bygge bilete av LEGO
5-minuttar bygg- bygg enkle figurar som er ferdige på 5 minutt
Kvardagsting- bygg ting som kan brukast i kvardagen-til dømes ramme til bilete, vase til blomar, holdar til blyant
Karakterar- bygge store figurar
Natur- bygge dyr, insekt, planter
LEGO Dots- bli kjent med Dots og bygg med dei
LEGO Mazes- bygge sitt eiget Mazes spel – labyrint/vippespel
Minecraft- skape Minecraft -verd i LEGO


Kurshaldar Grzegorz Gorczynski – som mange kjenner som LEGO-Gregor etter deltaking i LEGO Masters har erfaring frå tilsvarande arrangementsrekke i andre kommunar. Han blei i mai 2024 sertifisert i LEGO (R) Serious Play (R) Methode. Dette er ein metode for rettleiing i bruk av LEGO. Les meir om metoden her: https://seriousplay.training/lego-serious-play/

Påmelding innan 23. september på telefon: 53655860 eller e-post: vindafjord.bibliotek@vindafjord.kommune.no