Frå bokhylle til leseglede
Velkomen til ein dag fylt med kunnskap og inspirasjon!
Arrangementet krev billett
Dato
Tid
Stad
Haldast ikkje i biblioteketTysværtunet kulturhus, Aksdalsvegen 157, 5570 Aksdal
Arrangør
Vil du tenne gnisten for lesing hjå barn og unge?
Bli med på ein spennande fagdag kor kjente føredragshaldarar vil inspirere deg til korleis du kan vere med på å auke leselyst og leseglede hjå barn og unge. Fagdagen er retta mot leiarar i skule, lærarar, barnehagelærarar og skulebibliotekansvarlege, men og andre som vil lære meir om motivasjon for lesing.
I pausane får du mogelegheit til å møte andre som er engasjert i leselyst og skulebibliotek. Det blir servert ein enkel lunsj.
Føredragshaldarane
Line Hansen Hjellup er lærar og skulebibliotekar ved Sprangereid skule. Ho er og rådgjevar for språk, lesing og skriving for barnehagar og skular i Lindesnes kommune. Ho har skrive boka Helthetlig leseopplæring (2014) i tillegg til å vere redaktør og medforfattar av bøkene Skolebiblioteket: Læring og leseglede (2018) og Leseglede i barnehagen (2022).
Silje Kristoffersen er lærar og skulebibliotekar på Furulunden skule i Lindesnes kommune. Saman har dei hatt workshop på Nasjonal konferanse om lesing i 2024. Dei har og halde føredrag om leseglede og bruk av skulebibliotek.
Jørgen Jor Gromstad er skulebibliotekar på Fjell skule i Drammen. Jørgen utvikla det spennande pilotprosjektet «Gutta leser! Over hele Drammen». Prosjektet, som er støtta av Nasjonalbiblioteket, har verkeleg treft målgruppa og kan syne til gode resultat med auka dugleik både når det kjem til lesekompetanse og konsentrasjon. Og leselysta? Den har auka formidabelt. Jørgen fungerer no som mentor for andre skulebibliotek i Drammen som vil prøve ut metodikken.
Monica Gundersen Mitchell er førsteamanuensis i lesevitskap ved Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger. Monica underviser i det daglege om lesing og litteratur i klasserommet. Ho er særskilt oppteken av barna sine møte med den litterære teksten, og då særleg bildeboka. Ho er leiar for ei forskingsgruppe med mål om å utvikle kunnskap om korleis skulebibliotek kan bli ein integrert del i skulane sitt arbeid med leseopplæringa.
Ingrid Bie Helgesen er utdanna skulebibliotekar frå Universitetet i Agder, og er nestleiar ved Haugesund folkebibliotek. Som bibliotekar er ho oppteken av å motivere til lesing og av å styrke barn og unge sin lese- og informasjonskompetanse. Ingrid er kursleiar i metoden «Shared Reading».
Program
09:00 Velkommen
09:10 – 09:30 Shared Reading v/ Ingrid Bie Helgesen
09:30 – 11:15 Leselyst i praksis v/ Line Hansen Hjellup og Silje Kristoffersen
11:15 – 12:15 Lunsj
12:15 – 13:30 Gutta leser! Over hele Drammen v/ Jørgen Jor Gromstad
13:30 – 13:45 Pause
13:45 – 14:55 Er høgtlesing viktig? v/ Monica Gundersen Mitchell
14:55 – 15:00 Takk for i dag
Pris:
Fagdagen er gratis for kommunalt tilsette i arrangørkommunane.
Andre: 400,-
Studentar: 200,-
Påmeldingsfrist: 31. januar 2025.
Arrangementet er eit samarbeid mellom kommunane Bokn, Sveio, Tysvær og Vindafjord.