Klesbyttedag med omsaum

Sosial møteplass
For alle

Bli med på klesbyttedagen. Få tips til omsaum. Trekning av redesigna kjolar frå Ellen Hatteland!

Bilete synar klede på eit klesstativ, samt eit ope areal på sida av stativet.
Foto: artificialphotography@unsplash.com

Gratis - inga påmelding

Dato

laurdag, 19. oktober

Tid

11:00 - 15:00

Arrangør

Vindafjord bibliotek saman med Ølen husflidslag

Interessa for bytte, reparasjon og omsaum av klede er aukande. Laurdag 19. oktober arrangerer me klesbyttedag. I perioden 16. september til 17. oktober kan du kome innom biblioteket med plagga du vil bytte vekk. Du vil då få eit byttelodd pr. plagg/sett du leverer inn. Plagga må vere reine og heile.

Den 19. oktober kan du ta byttelodda med deg, og hente same tal klede som du har byttelodd. Vindaverkstaden vil vere open, og her kan du få hjelp til reparasjonar, tips til omsaum med meir.

Me stiller ut tre kjolar som Ellen Hatteland har redesigna. Desse kan du vere med i trekninga om, viss du tek turen innom på klesbyttedagen.

Relatert litteratur