Laurdagsfilm for heile familien
Film og spel
For alle
Bli med på ein herleg filmoppleving for heile familien
Gratis - inga påmelding
Dette arrangementet er gjennomført
Fleire arrangement i denne serien
Den fyrste laurdagen i månaden har du høve til å ta med deg heile familien til biblioteket for å sjå film.
Denne laurdagen synar me fram filmen "Operasjon Mumie" som er basert på ei av Jørn Lier Horst sine bøker om Detektivbyrå 2.
"Er museet i Elvestad råka av farao Tutankhamon sin forbanning?
Er det den egyptiske utstillinga som er skyld i at det skjer mange ulykker på museet? Detektivane Tiril og Oliver tek saka i lag med den trufaste sporhunden Åtto".
Om du vil vere sikker på å få plass, kan du ringje 53655860 for å reservere.
Du treng ikkje å betale for å sjå filmen.
Filmen blir syna fram på lisens frå Filmrommet.