Odelsskam - samtale med Maria Lavik

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne
Ungdom

Velkomen til ein spennande samtale mellom biblioteksjef og Maria Lavik om boka hennar, Odelsskam.

Framside frå boka Odelsskam. Bilete synar Maria Lavik i ung alder som held eit lam. Maria smiler.
Foto: Omslagsfoto Samlaget
Framside frå boka Odelsskam. Bilete synar Maria Lavik i ung alder som held eit lam. Maria smiler.
Foto: Omslagsfoto Samlaget
Framside frå boka Odelsskam. Bilete synar Maria Lavik i ung alder som held eit lam. Maria smiler.
Foto: Omslagsfoto Samlaget

Gratis - inga påmelding

Dato

onsdag, 30. april

Tid

19:44 - 20:15

Stad

Vindafjord bibliotek - Sjøperlo hall

Arrangør

Biblioteket i samarbeid med Vindafjordbonden.
Legg til i kalender

Bli med på ein spennande og engasjerande
samtale med Maria Lavik om boka Odelsskam.

Ho deler sine erfaringar om det å vakse opp på gard,
vere odelsjente og møte forventningar frå
familie, samfunn og seg sjølve.

Maria som vaks opp i Eksingedalen, bur i dag i Oslo og arbeider som journalist og forfattar. Mange vil kjenne namnet hennar igjen frå NRK, Klassekampen og Vårt land.

Arrangementet er i samarbeid med Vindafjordbonden

Samlaget skriv følgjande om boka:

«I femten generasjonar før meg har mine forfedrar lempa stein og slite med jorda slik at dei som kom etter, skulle få eit betre liv. Skal det ta slutt med meg? For eg bur i byen og har bygd meg eit godt liv der.»

I boka Odelsskam skildrar odelsjenta Maria Lavik oppveksten på eit småbruk på Vestlandet. Ho veks opp med sauesanking, store avstandar, bokbuss annankvar torsdag og historier om ei livskraftig og motkulturell slekt. Men alt som sekstenåring flyttar ho ut. Burde ho koma tilbake?

Odelsskam skildrar ein gard, ein plass og ein tilstand som held på å gleppa mellom hendene på forfattaren. Boka skildrar den evige reisa som mange utflyttarar er på, i stadig rørsle mellom bygda og byen, mellom «heim» og heim.

Samanvoven med hennar historie er den særnorske, over tusen år gamle odelsretten. Lova som koplar jorda og slekta saman til ein nesten heilag symbiose. Odelsskam er ei nær og rørande historie om tradisjonar og endring.

Relatert litteratur

Odelsskam - samtale med Maria Lavik | 30. apr. 19:44 | Vindafjord bibliotek