Sjoarakademiet: Historia bak 1174 netter -Marte Spurkland

Samtale, debatt og foredrag
Vaksne

Høyr Marte fortelja om arbeidet bak den gripande boka 1178 netter: historien om et tvangsekteskap

Profilbilete av Marte Spurkland. Sorte klede, langt lyst hår. Ser direkte i kamera. Er alvorleg.
Foto: Senioruni.
Profilbilete av Marte Spurkland. Sorte klede, langt lyst hår. Ser direkte i kamera. Er alvorleg.
Foto: Senioruni.
Profilbilete av Marte Spurkland. Sorte klede, langt lyst hår. Ser direkte i kamera. Er alvorleg.
Foto: Senioruni.

Gratis - inga påmelding

Dato

måndag, 13. januar

Tid

11:00 - 12:00

Stad

Vindafjord bibliotek

Korleis kan ei 13 år gamal jente bli tvangsgifta i Oslo, og korleis blir livet hennar forma av æreskultur og familiepress? Dette er historia om Daniella, som levde som gift tenåring i tre år før ho flykta og varsla norske myndigheter. Det som følgde, blei ein av Noreg sine mest alvorlege tvangsgiftesakar, med fengselsstraffer til fleire familiemedlem og eit liv i skjul for Daniella.

I dette føredraget deler Marte Spurkland innsikt frå arbeidet med si nyaste bok;1178 netter. Gjennom Daniella sin historie får Spurkland ikkje bare fram realitetane i æreskultur, men og kva saka seier om det norske samfunnet. Marte Spurkland, kjent for sine bøker Klassen og Pappas runer, er ein anerkjent sakprosaforfattar, journalist og programleiar som skapar engasjement rundt viktige spørsmål i samfunnet.

Relatert litteratur