Sjoarakademiet på ein onsdag
Fekk du ikkje med deg Sjoarakademiet då direktesendinga gjekk? Sjå førelesinga i opptak.
Gratis - inga påmelding
Fleire arrangement i denne serien
Ønskjer du å læra noko nytt, utvide horisonten din og bli inspirert? Då er våre digitale føredrag midt i blinken for deg. Måndagar kan du få med deg føredraget direkte. Då har du høve til å stille føredragshaldaren spørsmål direkte. Onsdag ettermiddag sender me opptak, slik at du får høve til å få med deg dei interessante og inspirerande føredraga på ettermiddagstid.
I ettermiddag har du høve til å høyre Evy Johanne Håland med føredraget "Frå dagens Tinos til antikkens Panathenaia, fest, religion, politikk og kultur".
Håland er forskar, Dr.art. i historie og statsstipendiat. Hennar forsking er tverrfaglig og tverrperiodisk. Den dekker antikk og moderne kulturhistorie og religion i tillegg til å vere orientert mot idéhistorie. Sidan 2009 har ho førelest ved fleire europeiske universitet.
På Tinos blir den religiøse festen til ære for jomfru Maria si himmelferd feira den 15. august. Her kan ein sjå korleis grekarane kombinerer religion og nasjonalisme. Festen er og ei lækjandefeiring for pilegrimar frå Hellas og den ortodokse verda. Forskinga brukar moderne gresk kultur som samanlikning med antikken, og synar kulturtradisjonar som finnes over heile Øst-Europa, Balkan og Middelhavet.
Heile våren byr me på eit variert program med tema som garantert vil engasjera.
Velkomen til alle.
Liste over føredrag våren 2025
Dato | Klokkeslett | Føredrag | Føredragshaldar |
---|---|---|---|
22. januar | 16:00 | 1178 netter - ein historie om tvangsekteskap i Noreg. | Marte Spurkland |
29. januar | 16:00 | Frå kyrkjemalar til bacalao - nordmennene sin unike historie i Sør-Amerika. | Arnt Stefansen |
05. februar | 16:00 | Historien om eplet - Kva har Kasakhstans fjell, Bibelen sine freistingar og norrøn mytologi til felles? | Torolf Kroglund |
19. februar | 16:00 | Frå Tinos til antikkens Athen: Fest, tru og kultur gjennom tidene. | Evy Johanne Håland |
05. mars | 16:00 | Den naturnære hagen | Prof. Dag Jørund Lønning. |
19. mars | 16:00 | Krig er forakt for liv | Linn Stalsberg |
02. april | 16:00 | Diagnose: Kvinne - Kvifor kvinnehelse fortsatt blir oversett i medisinen. | Liv Bjørnhaug Johansen |
16. april | 16:00 | Årstidene: Naturen sine under - frå hjerneetande dyr til vårens første humle. | Vibeke Riiser-Larsen |
23. april | 16:00 | Kva er typisk italiensk? Ei reise gjennom kultur, historie og lidenskap | Arnt Stefansen |
14. mai | 16.00 | Tilbakeslaget – hva betyr den reaksjonære bølgen for oss? | : Caroline Tromp |
28. mai | 16.00 | Hvordan kan seniorer forbli i arbeid lengst mulig? | Hege Sofie Hesselberg |
11. juni | 16.00 | Tett på makta – 40 år i norsk politisk journalistikk | Anders Takvam |
25. juni | 16.00 | Kirkens og pavens makt – en nøkkel til Italias historie | Arnt Stefansen |