Språk til lunsj! Føredrag "Klinkande uklart" med Linda Eide
Underhaldande lunsjføredrag kor Linda Eide fortel kvifor det er viktig med klart og tydeleg språk.
Gratis - krev påmelding
Dato
Tid
Stad
Vindafjord bibliotek - Sjøperlo, Dreganesvegen 40, 5580 Ølen
Arrangør
Påmelding
Program
11.30: Velkomen – kaffi og noko å bite i
Introduksjon ved Monika Haanes Waagan, dagleg leiar i Nynorsk Bedriftsforum. Monika ønskjer velkomen og deler tankar og erfaringar om språk og språkval i næringslivet.
12.00: "Klinkande uklart" med Linda Eide. Eit foredrag om klart språk
Godt språk, klar tale. Kvifor går det så ofte gale?
Dette er eit underhaldande foredrag med ein alvorleg undertone. Linda Eide syner fram kva eit klart og tydeleg språk er, og kvifor det er så viktig! Kvifor endar me så ofte opp med eit språk som skapar avstand og utestenging, irritasjon og apati?
Her må det språkvaskast i kontor og korridor! Linda Eide stiller med kost og krutt, og ikkje minst: Mange lattermilde og pedagogiske eksempel.
Arrangør: Nynorsk Bedriftsforum i samarbeid med biblioteket og næringslivet i Vindafjord, Falturiltu, Nynorskstafetten og Nynorsk Kultursentrum
Praktisk informasjon: Arrangementet er ope for alle og er særleg aktuelt for dei som jobbar med kommunikasjon i næringslivet. Det er gratis deltaking, men grunna avgrensa plassar og bestilling av kaffimat oppmodar vi om påmelding innan 1. november.
Les meir om føredraget her: https://lindaeide.no/kopi-av-klinkande-uklart