22. februar - 2. mars

Vinterferie

Ta turen innom oss i vinterferien. Me har tilbod som passar alle, uansett alder.

Gule påskeliljer som kjem fram gjennom snø. Blomane fremst er tydlege, resten diffust.
Gule påskeliljer som kjem fram gjennom snø. Blomane fremst er tydlege, resten diffust.
Gule påskeliljer som kjem fram gjennom snø. Blomane fremst er tydlege, resten diffust.

På biblioteket skjer det ting heile vinterferien!

Kom på arrangementa våre

Kom og bli med på ei innhaldsrik vinterferieveke på biblioteket! Me har eit variert program for alle aldrar. For dei minste har me kinoframsyning og Lego-bygging i tillegg til koseleg høgtlesing. For dei som er litt eldre er det høve lage eigen jakkeknapp/button, teste ut VR-briller og vere med når me synar fram film for heile familien. Ulike spel står klare til bruk.

For dei vaksne synar Sjoarakademiet føredrag med professor Dag Jørund Lønning. Han skal prate om den naturnære hagen. Eit spanande og aktuelt tema for alle som er glade i hage og natur.

Velkommen til ei kjekk og lærerik vinterferie på biblioteket!