Denne boka handlar om ti ville ekspedisjonar og kva det er som får folk til å reise til stader der ingen før har vore, til å klatre høgast, dykke djupast, leggje i veg inn i område som er kalde, våte, farlege, utan å vere sikre på om dei nokon gong vil klare å vende attende. I tillegg kan ein lese om kjende utforskarar frå dei siste hundre åra, folk som har vore villige til å måle krefter med naturen og det ukjende. Oftast høyrer vi om dei vellykka ekspedisjonane, om dei som lykkast i å komme heilt fram eller setje rekorden dei håpte på. Men mange når ikkje målet. Fridtjof Nansen nådde ikkje fram til Nordpolen slik han hadde planlagt. Andre kjem aldri tilbake. Dei ti historiene fortel om ein grunnleggjande menneskeleg lengsel etter å flytte grenser og finne svar. Sakprosa for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.