Vikingane har alltid appellert til fantasien, og stadig fleire er i dag opptekne av å halde vikingkulturen levande på ulikt vis. Mens nokre er opptekne av mye og religion, fokuserer andre på vikingane sine rikhaldige kunst- og handverkstradisjonar. For mange er "viking" blitt ein livsstil. Fotografen Lill-Ann Chepstow-Lusty har følgt det moderne vikingfolket i fleire år, og late seg fascinere og forundre av den verda ho har møtt. Ho har mellom anna vore på vikingfestivalar i Spania, på Shetland, i Polen, England og USA, innimellom si fotografiske vandring i den norske vikingkulturen og dei norske vikingmiljøa. Boka inneheld dei beste bileta frå dette unike fotoprosjektet. Vikingeksperten og den velkjende kåsøren Ivar Eskeland har plukka sitat frå sagalitteraturen som kommenterer bileta på ein svært effektiv og ofte humoristisk måte. Han har også skreve ei fyldig innleiing. Gjennomillustrert i farger.