Are Kalvø på scenen

Sjølvbiografiar  •  Vaksne

Are Kalvø på scenen : teater, revy- og standup-tekstar : historier om og frå det middels ville livet på scenen

Are Kalvø

2016

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Are Kalvø (komikar og forfattar), 1969-
Are Kalvø er ein av dei største komikarane her i landet. I løpet av dei siste tjue åra har meir enn ein halv million nordmenn sett framsyningar han har vore involvert i. Kalvø har blitt nominert til femten komiprisar og til Hedda-prisen. Her kan du lese om Kalvøs sceneliv, frå den første blasfemianklagen i tredjeklasse og russerevyen i heimbygda Stranda, til karrieremilepælar som standupdebuten på homseklubb, det første trusselbrevet og dagen han forstod at ein ball kan syngje. I tillegg får du tekstane frå Norge-Brasil, ein fotballopera, frå Kalvø - ein time av livet ditt du aldri får tilbake og frå Halve kongeriket. Boka er rikt illustrert med bilete frå framsyningar, avisutklipp og private bilete. Omtalen er utarbeida av BS.

Utgåver