Gråsteinen har vore gull verdt i bonden sitt landskap. Steinen vart henta i ura, spadd opp av jorda eller sprengd ut av fjellet. Av steinen vart det bygd milevis med steingardar, vakre veganlegg, små og store hus. I våre dagar står dei gamle murane og fortel historia om korleis folk levde då stein var ein av få ressursane mange bønder hadde rikeleg av. Denne boka dokumenterer dei vakre byggverka og dei tunge taka som låg bak dei. Rikt illustrert. Omtalen er utarbeidet av BS.