Odd er ute for å selje lodd for fotballgruppa. Det er langt mellom husa, og han selde året før mykje mindre enn dei andre på laget. Skal han unngå reservebenken må han auke salet. Ute snør det tett, og då refleksen surrar seg fast i lomma, kjem redsla for snøplogen som kan komme kvar augneblink. Då er det godt å få eit lite pusterom i husa langs den mørke vegen kor han treffer mange rare folk. Eitt hus gruar Odd seg likevel for å gå inn i. Denne vesle kvardagsforteljinga er lagt noko attende i tid, for loddboka, tikronesetlane og tjuefemøringane er framleis i bruk. Dei forskjellige mennesketypane er skildra med varme og humor, og her er nok mykje sjølv dagens loddseljarar kan kjenne seg att i. Språket flyt lett og ledig med innslag av direkte tale, og teksten er sett med gode teksttypar. Boka er illustrert, bileta er haldne i gråblåtonar og kler teksten godt, spesielt med tanke på det tette snøvêret Odd slit seg gjennom. Samlaget, 1996. 60 s.,ill. Ill.: Arne Roar Lund. Nyn.