Blokka på Bjerke

Personlege forteljingar  •  Vaksne

Blokka på Bjerke : tretten år i tredje etasje

Bjørn Hatterud

2023

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Homofile funksjonshemma
  • Bjerke (Oslo)
  • Nabolag
  • LHBT+
  • Boligblokkar
  • Bjørn Hatterud, 1977-
I tretten år har Bjørn Hatterud budd i ei blokk i Groruddalen i Oslo. I 1961 flytta 48 heldige familiar inn i dei tolv etasjane. Då Bjørn flytta inn, var mange av bebuarane gamle. Bjørn vart nær venn med fleire av naboane, som krigsseglaren Bjarne, som budde vegg i vegg med Bjørn, og Ester i første etasje, som ein gong var ei fattigjente på Langøyene. På tretten år har Bjerke gått frå å vere eit slite nabolag til eit populært buområde. På same tida har Bjørn gått frå uføretrygd og eit botnpunkt i livet, til karriere med verv, prisar og nye moglegheiter. Hatterud skal no flytte frå Bjerke og ser tilbake på åra i blokka og folka han har møtt. «Blokka på Bjerke» er ei gripande forteljing om Hatterud, livet i dei tolv etasjane, sorger og gleder, nære vennskap og endringane som har skjedd med både området, blokka og Hatterud sjølv.

Utgåver