Kan éi hending forklare alt ved eit menneskeliv? Johannes er drive av skuldkjensle for noko som hende under andre verdskrigen då han set seg ned for å skrive eit brev. Ved å skrive dette brevet ønskjer han å forklare det som har skjedd og forstå seg sjølv betre. Han fortel historia om livet sitt, som vekslar mellom kvardagsminne og meir dramatiske hendingar. «Brevet til Rosalin» er ein brevroman om tap, sorg, skuld og orsaking. Omtalen er utarbeida av BS.