Sigmund Falch er kjend for bokserien der gamle og tilsynelatande trauste foto får nytt liv med overraskande og absurde tekstar. I denne boka er alle dei beste bilda hans samla i eitt bind, i tillegg til ei rekkje nye bilde. Samtidig har fleire norske komikarar valt sine eigne favorittar og forklart kvifor dei elskar bøkene til Falch. Omtalen er utarbeidd av BS.