Dei sju dørene

Roman  •  Vaksne

Dei sju dørene : roman

Agnes Ravatn

2019

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Anbefaling frå eit anna bibliotek

Interessant skriven krimroman med godt språk

Dei sju dørene er ein god miks mellom psykolgisk drama og krim. Du følg litteraturvitaren Nina som parallelt med eit stressande buskifte prøver å finne ut kva som har skjedd med leigebuaren har sporlaust forsvunne. Svaret kjem ho berre nærare og tettare på.

Dette er meir ei interessant krimhistorie enn ei skummel ei, men ho har likevel fleire overaskande moment. Er du ute etter ei meir original krimbok så bør denne sjekkast ut!

Om boka

  • Forsvinningar
  • Etterforsking
  • Hemmelegheiter
  • Bergen
Nina Wisløff er ein vonbroten førsteamanuensis i litteratur ved Universitetet i Bergen. No skal huset ho deler med ektemannen i Birkeveien, den travle helsebyråden Mads, rivast for å gjere plass til den nye traséen til Bybanen. Dei treng ein ny plass å bu, og Nina reiser på synfaring med dottera Ingeborg. Men brått forsvinn leigebuaren deira, åleinemora Mari Nilsen. Etterforskinga blir raskt lukka, og stille tek Nina på seg oppgåva med å finne ut av kva som skjedde. Oppdaginga hennar viser seg å få store konsekvensar for både ho og resten av familien. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver