Den illustrerte boka

Vaksne

Den illustrerte boka : historia om norsk bokillustrasjon

Vilborg S. Hovet

2011

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Bokillustrasjonar : illustrasjonskunst
"Den illustrerte boka" fortel historia om illustrert, norsk skjønnlitteratur frå om lag 1200 fram til i dag. Boka er rikt illustrert og omtalar 200 biletkunstnarar og over 300 litterære verk med ei vaksen målgruppe. Forfattaren startar med dei eldste handskriftene frå 1200-talet, ser på dei første trykte, illustrerte norske bøkene, og endar opp med illustrasjonar frå dagens digitale verd. Kva formidlar illustrasjonane og kva tilfører dei teksten? Korleis er forholdet mellom bileta og verbalteksten? Kva kan møtet mellom ein biletkunstnar og ein ordkunstnar resultere i? Biletkunstnaren og bileta står i fokus når Dr.art. Vilborg S. Hovet behandlar forholdet mellom norsk kunst og litteratur, men ein må også kjenne verbalteksten. Boka er skriven for alle som er interessert i litteratur og kunst.

Utgåver