Ein valdsdømd psykiatrisk pasient rømmer frå lukka avdeling. Dagen etter blir to søstrer funne avretta, på ei avsidesliggjande glenne. Nok ein gong blir psykolog og kampsportutøvar Ina Grieg motvillig trekt inn i ei drapssak. Ho slår seg saman med tidlegare etterforskar Jon Fannrem i jakta på sanninga. Den stille flokken tek opp ein av dei mørkaste plettane i norsk historie: behandlinga av romanifolket gjennom 1900-talet. Omtalen er utarbeidd av BS.