William og bestefar har lagt ut på ei reise saman til Egypt. Bestefar har eit oppdrag William ikkje veit kva er, og før bestefar får sagt kvifor dei eigentleg er i landet med alle pyramidane, blir bestefar påkjørt. William blir kasta ut i eit eventyr på liv og død heilt åleine. Dette er ei forteljing om egyptisk mytologi og om bergensaren Williams uendelege redsle for å døy. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.