Hovudpersonane fra romanen "Sveve over vatna" (1982), Munk, Waglen og Forteljaren, møtest igjen etter 15 år. Waglen er familiemann og videohandlar i Sogn, med kannibalfilmar som spesialitet, Forteljaren er lektor og familiemann, medan Munk har arva småbruk, "driv med sau", og har eigen nærradio. Munk vil ha den tilårskomne spelegjengen til å turnere, men når dei tre rullar ut på Autobahn er det også for å finne att Munks ukjende son i Heidelberg. Omtalen er utarbeidd av BS.