Mir og Ruth møtest på fest. Ruth har med seg ei teiknebok, og det første ho gjer er å teikne andletet til Mir. Dei to formar kvarandre og skapar kvarandre om. Belle, den gamle nabodama til Mir, gir ingen råd om kjærleik eller sjukdom. Men ho tar imot hjelp til å vaske vindauga og byr på kokte krabbar, loff og sitronar i bakgarden. Mir trur ho kan vera med Ruth, seier ho. Ho forstår henne ikkje, men på den rette måten. Men Ruth har blå flekkar på brystet etter celleprøve. Ho seier det går bra, men lovar ingenting. Omtalen er utarbeidd av BS.