På 1800-talet og først på 1900- talet kom det i utlandet ut fleire hundre bøker med reiseskildringar frå Noreg. Dei boblar av forteljarglede, oppleving - og kulturkollisjon. Dette er utvalde perler av det dei skriv om Hordaland - den perfekte leikegrinda for romantiske eventyrarar, ein Edens hage. Gjennomillustrert med skisser, handkolorerte teikningar, måleri og foto.