Gro og mor er åleine. Gro går i barnehagen, men trivst ikkje der. Dei ertar ho når dei vaksne ikkje høyrer, dei seier ho er for tjukk. Mor skjønar Gro, for ho har ikkje alltid lyst til å gå på jobb heller. Ein dag rømer Gro og mor ut i vinteren med bilen, og blir der. Heile vinteren er dei inne i ei snøhole, heilt til isen tek til å tine. Da er dei klare til å dra heim og møte kvardagen. Boka får fram vare kjensler og stemningar. Akvarellene, med tusjkontur, er i blå-brune toner, til dei dreg heim. Da blir dei varmare i tonen. Dette er blitt ei poetisk biletbok med fint samspel mellom forfattar og illustratør, men tekst på mørke flater gjer boka vanskeleg for noen lesarar.