Lån boka
Anbefaling frå eit anna bibliotek
Ellevilt og underhaldande frå Line Baugestøl.
Mona skal bli farmor. Det får ho vita omtrent samtidig med at den vordande far og sambuaren flyttar inn til Mona sidan dei har hatt vatnlekkasje i leiligheita si.
Alva, Mona si svigerdotter har ein instagramkonto der ho syt og klagar over både svigermor, og livet i den trong leiligheita hennar. Det heile toppar seg når Mona i eit svakt augneblink, og med nokre glas vin innabords, opprettar ein eigen instagramkonto som ho kallar "evil grandma65".
Baugestøl skildrar kvardagsliv og sinnstemning til både Mona og dei unge på ein humoristisk og karikert måte. Du kan risikere å både humre og le høgt undervegs i den elleville fortellinga.
Det er likevel ein sår undertone her, for har Mona det så greitt som ho eigentleg vil ha det til? Og er det alltid alle dei andre det er noko gale med?
Ryfylkebiblioteket Hjelmeland