Anders rømmer frå foreldra og søstrene sine når han skjønner at foreldra skal skiljast. Han slår seg ned i det gamle huset etter Dobbel-Aksel for å gløyme sitt tidlegare liv og leve på villmarksvis. Det går ikkje lang tid før den mystiske Hilmar frå Skogane dukkar opp, og den eine etter den andre finn skjulestaden hans. Anders må ta stilling til fleire vanskelege spørsmål som kva han skal gjere med kjærleiken, og om han skal vere med Hilmar på eit farleg oppdrag. Livet i villmarka blir ikkje heilt slik Anders trudde, det er både annleis og farleg i skogen Roman for ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidet av BS.