Dette er ei forteljing frå Lofoten rundt hundreårsskiftet, full av ytre dramatikk og indre spenning - ein folkelivsskildring, psykologisk roman og historisk roman i eitt. Forfattaren syner sin kjennskap til landsdelens kul-tur, næringsliv og folkelynne, og gjer levande sterke kvinner, fattige fisk-arar og rike væreigarar. I sentrum for handlinga står den lidenskapelege og viljesterke Gyda, som har lyse draumar om eit liv saman med Henning. Men kjærasten svik då Gyda mest treng han, og alt vert annleis enn ho hadde håpa på.