Langs Hardangerfjorden og sidearmane til fjorden finst det ei rad veglause gardar, på stader "der ingen skulle tru at nokon kunne bu". Dei fleste har like fullt vore busette sidan middelalderen, eller så lenge nokon veit av. Nokre av dei vert framleis drivne slik dei alltid er blitt. Folket lever av det som ein grøderik og nådelaus natur har å gi. Samanlikna med levesettet i vår tid har desse menneska levd eit eventyrleg liv - i slit, i fare og i harmoni og samspel med naturen. Oddgeir Bruaset fortel om eit sjøfarande handelsfolk, om strabasiøse ferder og jakt på vidda, om kampen for det daglege brødet. Kommunkasjonene med omverda var ikkje enkle. Isen på fjorden gjorde mang ein framkomst vanskeleg. Bruaset fortel om fjorden og folket gjennom ulike fascinerande menneskeskjebner. I siste del av boka fortel han om nokre av dei mest avsidesliggjande gardane.