Ein dag finn Oline ei kråke med knekt venge på garden der ho bur. For at katten Stakkatto, eller andre katter, ikkje skal gjere kråka noko vondt gøymer ho han oppe på loftet. Det er berre Besta som får vite om løyndomen. Vengen til kråka blir betre og snart kan ho begynne å øve på å flyge igjen. Oline viser kråka korleis den skal fly, samstundes som ho øver på å flyge sjølv. For om ein øver godt nok så burde det ikkje vere noko i vegen for at ei jente kan lære seg å flyge på same vis som ei kråke. Bøkene i serien gul komet har ulik lengde. Bøkene har fargerike illustrasjonar av kjente illustratørar, korte linjer og teksttypar som passer fint til målgruppa. Bøkene handlar om alt frå kvardagslege ting til det fantasifulle. Nynorsk tekst. Lett å lese for småskoletrinnet.