Det er 100 år sidan kvinner fekk stemmerett i Noreg. Jubileet markerast mellom anna med bokserien Stemmer, som er tolv månadlege pamflettar skrivne av tolv kvinner som vil bidra til den offentlege debatten. Skribent og forfattar Agnes Ravatn har skrive langdiktet "Ikkje", som er ein tekst med motstand og ein ambivalens det er verdt å lytte til.