Denne boka kom ut første gong i 1990, men kjem nå med nye illustrasjonar. Det handlar om Kristoffer på åtte år, som ligg i senga si og grublar over universet. Slutar det nokon stad, eller ikkje? Boktittelen spelar både på tenkjaren Kant og på den kanten på verdsrommet som guten undrar på om fins.