Kenneth Sivertsen døydde julaftan 2006, berre 45 år gammal. Mange hugsar den brutale nedturen, men Sivertsen var mykje meir enn eit fall for open scene. Han var gitarist, komponist, songar og humorist. Sivertsen voks opp på Mosterøy i Bømlo, med Jesus og englar som ein sjølsagt del av kvardagen. Alt som 22-åring skreiv han sin første symfoni. Han var klassisk komponist, skreiv viser, spelte med dei fremste amerikanske jazzmusikarene, var rikskjendis som kabaretartist med kjæresten Herborg Kråkevik og turnerte ein periode saman med 47 teddybjørnar.