I ei industribygd på Vestlandet veks dei to brørne Arne og Svein opp. Men brått er ikkje Svein veslebror lenger. Som vaksen freistar han, igjen, å skjøne det som hende den gongen. Kvifor kom Arne aldri heim frå arbeid på tjueårsdagen sin? Kva meinte eigentleg faren med det han sa? Og kva for tankar rørte seg i storebroren den skjebnesvangre natta? «Kjære bror» er ein roman om å bli vaksen, om det sårbare livet og om kjærleiken og samhaldet mellom to brør.