Kjærleiken kjem i mange former. I denne boka blir ulike versjonar presentert. Blant anna inneheld boka historia om ein vellukka kontaktannonse, eit massebryllaup i Seoul, varmen mellom to som har vore saman i over 60 år, panget då Farhan møtte ei dame, dei unge jentene som lengtar etter noko som ein gong skal kome. Journalist Sigri Sandberg Meløy har snakka med 20 heilt vanlege menneske om draumar, forventningar og erfaringar kring kjærleik. Illustrert med svart/kvitt fotografi.