Dette er ei samlig forteljingar som startar på 2000-talet og tek oss med tilbake til 1000-talet, ei historie for kvart århundre. Forteljingane gjev oss eit levande møte med barn og unge som lever nedst på den sosiale rangstigen. Vi møter mellom anna borna til husmannen, knivkastaren og samen. Borna lever under vanskelege tilhøve, men har sorger, gleder og lengsler som vi kan kjenne att. Dette er levande bilete frå tider med livsvilkår som kan verke ufattelege for oss, men som ikkje er ukjende for born i fattige land i vårt eige århundre. Det er ei viktig og god bok for samtale, diskusjon og innleving. Samlaget, 2001.