Edvard Hoem gir oss i denne historiske romanen historia om Norges siste erkebiskop, Olav Engelbrektsson. Han var erkebiskop i Norge under reformasjonsstriden. Han flykta frå Trondheim 1. april 1537, og forsvann samtidig inn i eit stort historisk mørker. Det finst ingen folkeminne om han i Norge og ikkje noko monument i Trondheim. Ingen dokument frikjenner han for det stemplet som han fekk da han fór bort: at han var ein svikar mot landet og at han hadde rana skattane i Trondheims domkyrkje. I denne boka har Hoem henta fram denne gløymde hendinga frå historia.