Forfattarane har teke Ragnar Hovland med på ei reise til Berlin. Resultatet er ei bok full av avsløringar om den no 60 år gamle forfattaren. Vi får mellom anna vite at han var uvanleg redd for vind som barn, at han aldri har fått framhaldsskule, at han er god i stille lengde, men svak i høgde. Boka inneheld óg ei rekkje upubliserte tekstar av Ragnar Hovland. Finn Tokvam og Halvor Folgerø er kjende som journalistar, forfattarar og musikarar.