Så lenge CHERUB har eksistert har dei sørga for å få mange kriminelle i fengsel. No, for første gong, må dei prøve å få ein ut. I USA kan barn som blir dømde for alvorlege brotsverk bli sette i fengsel på same måte som vaksne. 280 av desse barneforbrytarane held til i det solsvidde fengselet Arizona Max. I ein av dei dristigaste CHERUB-aksjonane nokon sinne må James Adams gå undercover innanfor fengselsmurane, bli venn med ein av dei innsette og så hjelpe han med å rømme. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet. Omtalen er utarbeidet av BS.