Sara, Kristine, Ingrid og Marianne er alle fyrstegongs.fødande. Her møter vi dei som høggravide og følgjer dei gjennom ti år. Vi får òg møte mødrer, bestemødrer, vener, kjærastar, tanter og andre ikring dei. Med Mødrevariasjonar har Lene Therese Teigen skrive sin fyrste scenetekst på nynorsk. Dette er ein leiken og utfordrande tekst med seksten roller for fire skodespelarar. Etter sceneteksten følgjer etterordet «Meir om mødrer».