Boka gir ein samla presentasjon av arkitektur i Noreg, frå telt og huskonstruksjonar i steinalderen og fram til den prosjekterte operaen i Bjørvika. Boka er gjennomillustrert med meir enn 340 fargebilete, grunnplanteikningar og isometriske teikningar. Boka vender seg første og fremst til studentar innan kunsthistorie og arkitekturutdanninga. Denne 2. utgåva er revidert.