I denne boka herjar Kristin Fridtun med kvardagsorda. Ho tek før seg orda som kjem og går så lett at vi knapt merkar dei. Fridtun skriv mellom anna om kropp, natur, kjensler, folk og fe. Boka er skriven humoristisk og ledig, og gjev språklege aha-opplevingar. Fridtun er student og fast spaltist i Dag og Tid.