Praktboka presenterer tradisjonelle norske votte- og vantemønster på lettfatteleg vis for nye og gamle strikkarar. I tillegg til dyremønstra, viser forfattaren korleis du kan bruke mønster med stjerner og roser, på til dømes luer og puter. Dette er ei bok du kan hente inspirasjon frå. Forfattaren er kunsthandverkar og har fleire bøker bak seg.