Om livet på jorda

Roman  •  Oppvekst  •  Biografiske forteljingar  •  Vaksne

Om livet på jorda : roman

Tormod Haugland

2021

Lån boka

Tilgjengeleg som:

Om boka

  • Identitet
Kunstnaren og bondesonen Tormod møter huldra i skogen. Dette møtet, samt andre syn, pregar korleis han stiller seg til omgjevnadane, kvinner, skulen og læring. Dei får òg ei stor betyding for korleis han tenkjer. Tormod er i tenåra kritisk til livet på jorda. Kritisk til menneska, industrien, masseproduksjonen og den elektriske tidsalderen. Han er ein mann som skal arbeide! Men det er ikkje lett å finne ut kven han eigentleg er, og temperamentet hans er ei kraft som brått kan ta fyr og bli til rasande eld. "Om livet på jorda" handlar mellom anna om ungdomstid, kjærleik, seksualitet og skulegang. Romanen handlar òg om kjensla av å vere utanfor, det som er framand, og om korleis liv og død er knytt saman. Tormod Haugland har fått svært gode kritikkar for dei siste romanane sine. Ein kan fortelje om eit liv på ulikt vis, og Haugland si sjølvbiografiske dikting er original. Omtalen er utarbeidd av BS.

Utgåver