Lån boka
Om boka
Juri er snart 12 år og er usikker på absolutt alt. Han prøver å finne ut av seg sjølv, kjærleiken, fotballen, og kor langt tunga skal inn i eit kyss før ein ikkje får puste. Når Juri ser på Sofi mistar han nesten pusten, for ho er så fin, men sjøvsagt vil han ikkje døy. Juri ynskjer at alt skal bli som før. At pappa ikkje måtte flytte, og at bestevenninna, Evy, ikkje blei så rar. Juri skjøner ikkje kvifor han har så mange kjensler i seg. Jordkloden snurrar så alt for fort. Om han berre kunne stått litt meir i ro. Dette er ei forteljing om store og små tankar, og om å stå støtt sjølv om alt vert endra. Boka er gjennomillustrert. Forteljing for mellomtrinnet. Omtalen er utarbeidd av BS.