Dei to kaninvenene Prikk og Flekk oppdagar ein dag at det er blitt flekkar i den blå sofaen, som er sjølve hjartet i heimen deira. Dei bestemmer seg for å pusse opp. Dei trekkjer om sofaen i eit prikkete stoff og limer på ein ny prikkete tapet på veggen. Plutseleg er Prikk borte. Flekk har limt Prikk inn i veggen. Flaks at limet ikkje har tørka. Sist i boka er det ein aktivitetsdel. Der viser Prikk og Flekk korleis ein kan tapetsere, lage papirdokker og lage hus til papirdokkene. Dette er ei humoristisk forteljing med mye ordleik. Fargeillustrasjonane er både moderne og litt gammaldagse i stilen. Biletbok for førskolebarn/småskoletrinnet.