Harald Hårfagre herjar langs kysten, men Ramna-Floke vil ikkje underkaste seg trollkongen og spøkelsa hans. Han vil finne nytt land og sjølv bli konge. Floke legg ut på havet. Med seg har han tre døtre, folk og husdyr. Reisa byd på storm, trolldom og død. Berre ei av døtrene, Ingeborg, er framleis om bord då dei finn ei ukjent øy i havet. Om bord er også Faxe, ein mystisk, svarthåra unggut frå Suderøyane. Faxe snakkar eit underleg språk, og på kroppen har han draketeikningar som ingen kan vaske bort. Øya dei kjem til er vakker, men full av farlege løyndomar. Is, eld og ånder bur i fjella der. Dette er historia om Ramna-Floke, vestlendingen som gav namn til Island. Nynorsk tekst. Forteljing for mellom-/ungdomstrinnet.