Riddarane av Losna

Vaksne

Riddarane av Losna

Lån boka

Tilgjengeleg på nynorsk:

Om boka

  • Eindride Erlendsson, ridder og riksråd, -1440
  • Erlend Eindridesson, ridder og riksråd, ca. 1400-ca. 1452
  • Erlend Filippusson (riksråd), -1407
  • Noreg - Historie - 1349-1536
Dei tre framståande stormennene Erlend Filippusson, Eindride Erlendsson og Erlend Eindridesson var mellom dei mektigaste og rikaste i landet i tida 1350-1450. Adelstittelen hadde dei frå den vesle øya Losna i ytre Sogn, men sine høge, kongelege embete hadde dei i Bergen, Oslo og Tønsberg. Riddar Eindride var dronning Margretes fremste mann, og var mellom dei som signerte Kalmarunionen i 1397, medan sonen Erlend var nær ved å bli drottsete ("statsminister") i 1439. Forfattarane levandegjer på kvar sine måtar historia om "Riddarane av Losna", og boka inneheld både ein roman og ei dokumentarforteljing. Boka har ein biografi om dei tre mennene og svarar på spørsmåla: kven var dei, korleis levde dei, og korleis nådde dei så langt, i ei tid då landet var herja av pestepidemiar. Boka er gjennomillustrert med fotografi, teikningar og kart i fargar. Kjelder og litteraturliste.

Utgåver